Lykle
Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard: lefser, fiskelefser, flatbrød, havrekjeks, julekaker, sylte, saft og brød. Alt av finaste kvalitet.
Vel bekomme!
BAKEVARER
På Aabrekk Gard legg vi sjela vår i å vidareføre tradisjonar overlevert i generasjonar. Mathistorie, råvarer og kvalitet er begrep vi formidlar gjennom gode bakevarer.
SAFT OG SYLTE
Vi har solbær- og ripsbærbusker i hagen. Dette lagar god gele, syltety og saft av. Du finn det på frukostbordet, til middag - og er du heldig kan du få kjøpe eit glas med heimelaga syltety.
Signe
Signe er "budeia" på Aabrekk Gard. Ho legg sjela si i å vidareføre tradisjonar overlevert frå generasjon til generasjon. Mathistorie, råvarer, kvalitet og kortreist er begrep som Signe formidlar gjennom ekte gardsmat.
Her er alt som det skal vere.
Aabrekk gard på film.
Hanen
Vi er medlem i Hanen, ein landsdekkande organisasjon som baserer seg på turisme og mat produsert på garden, med lokal tradisjon og lokale råvarer.
Nordfjord Smak
Vi er ein del av nettverket «Nordfjord Smak», som er eit samarbeid mellom lokalmataktørar og Visit Nordfjord. Nordfjord Smak skal skape ein felles identitet, merksemd og stolthet over lokale råvarer og matkultur i Nordfjord.