Contact Us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right. 


6791 Oldedalen
Norway

Aabrekk Gard ligg øverst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel varer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle. Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen.

Banner-sove.jpg

Overnatting

trollbu_cg10.jpg
 

I Trollbutunet kan du bu i restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta hit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.
Vi har 23 sengeplassar fordelt på tre hus. I husa er det kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. Soveroma er utstyrte med dyne og pute, og vi har sengety til leige. Kjøkkena er fullt utstyrte med komfyr og kjøleskap. To av hyttene har peisomn.

Sov godt!

 
 

momestova

MOMESTOVA

Momestova er eit hus frå 1700-talet.
Huset har leilegheit i 1. etg med tre doble soverom, kjøkken, opphaldsrom og bad.
I 2. etg er det to doble soverom som deler bad - B&B.

Sluttvask er inkludert i prisen. 


trollbu

TROLLBU

Trollbu er ei lafta hytte, som vart bygd i 1992. Inne er det opa løysing med hems med soveplass for 3 personar. I opphaldsrommet er det dobbel sovesofa. Hytta har dusj og wc, mini-kjøkken og opphaldsrom. Det er varme i golvet.

Sluttvask er inkludert i prisen. 

Banner_sove_3.jpg

VOLJASTOVA

Voljastova er ei Nordfjordstove frå 1850, slik som gardskona Signe sine oldeforeldre budde i. Stova vart flytta frå Loen til Trollbutunet i 1995. Godt utstyrt til 8 pers. 2 soverom, kjøkken, opphaldsrom og bad. Peis i opphaldsromet.

Sluttvask er inkludert i prisen.