Contact Us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right. 


6791 Oldedalen
Norway

Aabrekk Gard ligg øverst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel varer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle. Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen.

Banner_tunet.jpg

Heim

Velkomen til Aabrekk Gard

 

Aabrekk Gard ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.

Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen. Oldedalen er omkransa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar, som dansar nedover fjellsidene.

Velkomen til gards!  

 
 

trollbu_cg10.jpg

I Trollbutunet ligg våre nyrestaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Tunet ligg i eit roleg område, omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar, som dansar nedover fjellsidene.


Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane.
Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard.
Gardsmat av finaste kvalitet. 


 
 
 

Gardsliv

 

På Aabrekk gard lever dyra fritt og godt, leikande i vill og rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplanter, dynka i brevatn og bada i sommarsol. Du kjenner det på maten frå Aabrekk; den gode smaken av tradisjonskost frå liene under breen. Be Signe om å legge frå ein bit til deg ...