Bakevarer
Bakevarer med tradisjon
LEFSER
Laga etter Nordfjordlefse-oppskrift. Den kan variere frå bygd til bygd. Fyllet i lefsa er rørt smør og melis smaksett med litt vaniljesukker og litt rømme. I lag med gombe er dette festmat.
Ingrediensar:
Mjøl, kefir, sukker, smør, natron, hjortesalt.
Fyll: Smør, melis, vaniljesukker, rømme.
FISKELEFSER
Tradisjonen med lefse til fisk er ikkje så gamal her hos oss, men dei siste 25 åra har vi brukt den til lutafisken 1. juledag. Å pakke fisk inn i lefse ilag med potet, gulrot og godt smør er kjempegodt. Og til rakfisk er lefse sjølvskrive. Tips: Smør ramsløk-smør over lefsa, og legg over røyke-laks, rull saman og nyt!
Ingrediensar:
Kveitemjøl, fin rug 49%, mjølk, vatn, potet, salt.
JULEKAKER I BOKS
Når det nærmar seg jul fyller vi kakeboksane til randa.
Kontakt oss gjerne i november og sikre deg dine sju slag til jul.
God jul!
FLATBRØD
Baka etter oppskrift som vi har brukt her på Aabrekk Gard i fleire generasjonar. Vi kokar poteter og mæl dei på kvern, har i havregryn som har lege i bløyt over natta, fin og grov grovekveite, salt og skumma-mjølk. Av denne deigen blir det flatbrød med god smak. Det smakar godt til fisk og spekemat - eller bryt flatbrødet i småbitar i ei skål, slå over surmjølk og strø på litt sukker.
Ingrediensar:
Fin og grov kveite, havregryn, poteter, vatn, H-mjølk, salt.
POTETKAKER
Laga etter god gamal oppskrift. Disse møyre og godsmakande potetkakene er nydelege ilag med godt smør og brun geitost eller til røykalaks og rjome.
Ingrediensar:
Poteter, kveitemjøl, mjølk og salt.
KRANSEKAKE
Ingrediensar:
Mandlar, melis, eggekvite.
GLUTENFRI
PEANØTTKAKER
Ingrediensar:
Kv.mjøl, margarin, sukker, egg, koke-sjokolade, peanøtter, salt, bakepulver, vaniljesukker.
SJOKONØTTKJEKS
Ingrediensar:
Sukker, kokesjokolade, hasselnøtter, smør, kveitemjøl, egg, natron, vaniljesukker.