Contact Us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right. 


6791 Oldedalen
Norway

Aabrekk Gard ligg øverst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i nyrestaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel varer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle. Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen.

Personvern

Personvernerklæring

Eigar av denne nettsida er:
Aabrekk Gard
Oldedalsvegen 2022,
6791 Oldedalen
NORWAY

Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er informasjon vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Om eit kundeforhold vert avslutta vil vi ta vare på dine data så lenge vi ser det hensiktsmessig, med tanke på å kunne hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege styresmakter.

Kunderegister
Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, og opplysningar om kva tenester og produkt kunden har avtale om.

Informasjonskapslar
Aabrekk Gard nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi brukar dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande brukar nettsida. Vi nyttar denne informasjonen for å lage rapportar slik at vi kan gjere nettsida betre. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal på besøkande på nettsida, kvar dei kjem i frå og kva sider dei besøker.

Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig.

Deling
Det er mogleg å dele artiklar frå nettsida i sosiale medium. Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

Innsyn, retting og sletting
Etter personopplysningsloven har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å vende seg til Aabrekk Gard. Dersom registrerte opplysningar er feil, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan du krevje dette i henhold til personopplysningsloven.

Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i Aabrekk Gard er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkomande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi søkjer til ei kvar tid å følge gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på post@aabrekkgard.no.