
Overnatting
I Trollbutunet kan du bu i ei hytte og restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta hit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.
Vi har 22 sengeplassar fordelt på tre hus. Det er to sjølvstendige hytter og i siste hytta er det ei leilighet i 1. etasje og ei leilighet i 2. etasje med kvar sine eigne inngangar. Ved behov kan du leige ekstra senger. I hyttene og leilighetene er det kjøkken/kjøkkenhjørne, stove, soverom, sofa, TV, spisegruppe og wc/dusj. Alle bada er nyrenovert vinteren 2023. Ei av hyttene har peisomn, nr 2. Voljastova. Her søv du godt!
TROLLBU
Trollbu (nr.1) er ei lafta hytte, som vart bygd i 1992.
Hytta har bad med dusj og wc, kjøkkenkrok og opphaldsrom med spisebord og stolar, sofa og TV i 1. etasje. Soveromma er på hemsen, eit rom med ei dobbeltseng med eit rom med åpen løsning med 2 enkeltsenger utanfor.
Hytta passar godt for par eller ein liten familie på tur. Badet og store delar av hytta blei pussa opp i 2023.
Sengeplassar opptil 4 personar.
Sengetøy og sluttvask er inkludert i prisen.
Gratis parkering og internett.
MOMESTOVA, 1. etasje
Momestova (nr.3) er eit hus frå 1700-talet. Leiligheta som ligg i 1. etasje har eigen inngang på framsida bugget. Den har eit stort kjøkken i opphaldsrommet, spisebord og stolar, sofa, TV, bad som blei totalrennovert i 2023 og tre doble soverom med totalt 6 sengeplassar.
Sengeplass opptil 6 personar.
Sengetøy og sluttvask er inkludert i prisen.
Gratis parkering og internett.
VOLJASTOVA
Voljastova (nr.2) er ei Nordfjordstove frå 1850, slik som gardskona Signe, mor til Sindre, sine oldeforeldre budde i. Stova vart flytta frå Loen til Trollbutunet i 1995. Godt utstyrt til 8 personar. Soveromma er i 2. etasje fordelt på 3 rom. I 1. etasje er det kjøkken, stort opphaldsrom med stort spisebord og benkar, sofagruppe, stolar og TV og bad. Badet blei pussa opp i 2023. Peis i opphaldsromet. Her er det muleg å fyre i peisen.
Sengeplassar opptil 8 personar.
Sengetøy og sluttvask er inkludert i prisen.
Gratis parkering og internett.
Bilde av soverommet, som ligge i øverste etasje av MOMESTOVA som det er bilde av til venstre. Dette soverommet er der vinduet som viser øverst på bildet. av MOMESTOVA er.
Leilighet i 2. etasjen på Momestova
I 2. etg i Momestova er er det ei lita leilighet med eigen inngang på baksida (nr.4). Her er to store rom med gang mellom dei, og i gangen er det eit nyoppussa bad frå 2023. Golvet blei også bytta i heile leiligheta 2023. Det eine rommet har to dobbeltsenger, og på det andre rommet er det eit lite kjøkkenhjørne, kjøleskap, spisebord og stolar, sofa og TV.
Sengeplass opptil 4 personar.
Sengetøy og sluttvask er inkludert i prisen.
Gratis parkering og internett.